Den 31.august 1890 stod dr. Hans Klouman oppe på Skåla saman med student og huslærar Gulbrand Tandberg, målar Knut Dahl og eldste sonen Carsten. Den dagen bestemte Klouman at eit hus skulle byggast der oppe på fjellet. På 1848 m.o.h i 1891 blei det bygd eit rundt steintårn med 22 sengeplassar. Opphavsmannen Hans Henrik Gerhard Klouman, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket. Tårnet skulle nyttast av tuberkolosepasientar.I dag er tårnet nytta til overnatting og rast for alle dei som går turen på Skåla. Hytta er open, og her er proviant som kan kjøpast.
Turen frå Tjugen og opp til Skåla tek ca 7-8 timar tur /retur.
|