Lodalskåpa, ”Dronninga av Jostedalsbreen” eller ”Kåpa” som den kallast lokalt, er det høgste fjellet i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Turen til Lodalskåpa er ein tur som alle friluftsinteresserte drøymer om å få oppleve. Lodalskåpa si høgde og geografiske plassering gjer at ein frå toppen har mykje av fjellandet i Sør-Noreg innan synsranda. Sunnmørsalpane og toppane i Romsdalen, Jotunheimen, Rondane, Breheimen, Jostedalsbreen og heilt til grensefjella til Hardangervidda. Panoramautsikten over Hurrungane i søraust er i dag like fengande som då Gabriel Knutsen Bødal, Jon Samuelsen Bødal og Ole Arnesen Dragesæt i 1844 sette dei første fotspora på toppen av Lodalskåpa.
Turen opp til Lodalskåpa er krevjande og tek ca 10-12 timar. Sjølv om du ikkje er spesialist på bre og fjellvandring kan ein likevel nå toppen saman med lokalkjend breførar. Fleire lokale guideverksemder kan vise veg mot ein av Norges mest majestetiske og spektaktulære fjelltopp.
Briksdal Breføring Bergtatt Stryn Indre Nordfjord Turlag
|