Deutsch English Norsk Om Loen Info Kontakt oss
Home
About Loen
Contact us
Accomodation
Walks
Activities
The four seasons
History
Map
Kart
Årstider

Velkommen til Loen heile året


Våren:

bekkApril og mai er ei fin tid i Loen.  Då vaknar alt til liv etter ein søvnig vinter.  Skogog bøar vert grøne, og kvitveis og hestehov lyser opp i vegkanten.  Det er fuglesong frå tidleg morgon til seine kveld.  Samtidig som alt vert grønt og frodig nede i dalen, er framleis fjellsidene dekte av snø og restar etter vinterens ras.  Det kan ”buldre” voldsomt i fjella når sola smeltar vekk snø og is, men som regel høyrest det mykje verre ut enn det er når desse småskreda losnar i fjellsida.

I Loen står frukttrea i full bløming og naturen er i endring heile tida.  Vermessig er mai månad ofte ein stabil og varm periode,  og vi ønskjer at mange fleire turistar kan få oppleve denne vakre årstida saman med oss.

Sommaren:

revebjelleJuni, juli og august er dei travlaste turistmånadane i Loen.  Då er det full fart over alt.  Det surrar av framande språk og folketalet i Loen er mangedobla.  Her er turistar frå store deler av verda, og alle skal ha med seg dei mest kjende attraksjonane.  I denne perioden kan vi tilby eit variert aktivitets- og turtilbod for både liten og stor.

Midt  på sommaren er nettene like lyse som midt på dagen, og det kan vere vanskelig å gå til ro om kveldane.  Men du skal som kjent ikkje sova bort sumarnatta….

Stemninga i Loen og Lodalen om sommaren gjer at veldig mange turistar vender tilbake hit år etter år og i generasjon etter generasjon!

Hausten:

haustloenI slutten av august byrjar det å roe seg etter ein hektisk sesong.  Dei fleste turistane har reist og det vert eit roligare tempo.

Igjen er det mørke og lange kveldar, og vi får ei påminning om at det nærmar seg vinter.  Men haustdagane kan framleis vere fine, med varm fønvind og sol frå klår himmel.  Lufta er utruleg frisk og klar ein fin haustdag. 

Naturen gler oss med prakfulle fargar, og i skogen finn du både sopp og bær som du er velkomen til å forsyne deg av.

Bøndene er i full gang med innhausting av frukt og grønsaker, og det er tid for både sauesanking og hjortejakt!  

Ein del turistar har funne ut at Loen er på sitt beste på denne tida av året, og ønskjer du eit litt roligare tempo er hausten rette tida for eit besøk i Loen.

Kjem du hit om hausten kan vi by deg av dei beste delikatesser som naturen gir oss!

Vinteren:

vintervardeKontrasten mellom sommar og vinter er stor.  Bortsett frå hotellgjestar, så er det stort sett berre lokalbefolkningen ein møter på denne tida.  Sjølv om aktivitetstilbodet er begrensa, så er det fullt muleg å vere turist i Loen om vinteren også.

Normalt er det ikkje så mykje snø i Loen, og det kan til tider vere  ustabilt og veldig ”mykje ver”.  Men det er kan også vere lange periodar med stabilt og godt vinterver.  Forestill deg ei stjerneklår, kald vinternatt, med fullmåne som speglar seg i vatnet og fjorden.  Det er ei trolsk stemning som du må oppleve og som du kjem til å minnast i lang tid!

Du velgjer sjølv om du vil bli oppvarta på eit av hotella eller om du vil bo i gode vinterisolert hytter og fyre på peisen!

Vi kan friste med flotte langrennsløyper og alpinanlegg i Stryn,  og i Briksdalen kan du få guida breturar.

Ein del utlendingar har oppdaga at Loen er ein fin stad å feire jul og nyttår, og får dei smake på julemiddagen vår er opphaldet garantert vellukka!